Viser arkivet for stikkord roman

Kjære Karl Ove Knausgård, og andre realityforfattarar.

Eg vil gjerne ta ein del bilete av deg. Ganske mange faktisk. Eg er ein stor fotokunstnar, og det vil vera ei ære for deg å bli fotografert av meg.
Eg blir nødt til å leva med deg ei stund, slik at du blir van med meg, og etter ei stund ikkje legg merke til at eg forevigar deg til alle døgnets tider og gjennom ulike gjeremål. Det vil til slutt ikkje vera ein situasjon som har unngått pikslane mine, og du kan vera trygg på at eg vil framstille deg nett slik EG ser deg. Eg kjenner at eg mest er tvungen til å gjera dette, og det vil kanskje ikkje bli berre vakkert. For meg er dette eit vera eller ikkje vera. Bileta kjem til å ha enorm kunstnerisk kvalitet og verdi, og dei vil spegla både fortid, samtid og framtid på ein spektakulær måte. Seinare, etter at utstillnga er blitt ei verdssuksess, og bileta er på server, kjem eg til å gråte litt i eit TV-intervju når eg tenkjer på at du har fått det litt vondt. Men som sagt. Dette er det som kan gje mitt liv ei meining.
Kva tid skal me starta?