Viser arkivet for stikkord nynorsk

Framtida.no søkjer etter forskingsjournalist og skribentar

Framtida.no er i vekst og søkjer etter forskingsjournalist, skribentar og frilansarar som vil laga god og spennande journalistikk om forsking, politikk, språk, utdanning, kultur og ungdom.
Les meir om jobbane her!

Framtida.no søkjer sommarvikarar og spaltistar

Vil du bli med på å skapa dagsorden?
Les meir om dei spennande jobbane her!

Skrivekonkurranse om innvandring og integrering

Skriv om korleis du meiner me bør ta i mot flyktningane som kjem til Noreg.
Kanskje du vinn nokre av dei fine premiane våre?!

Slik bruker me Framtida.no i sidemålsundervisinga

Lærarane Åshild Hjelbrekke og Borghild Rommetveit ved Natland skole i Bergen tok ordet under Nynorskkonferansen sist veke og fortalde om opplegget sitt etter eit seminar om sidemålsundervisinga.
Les meir om opplegget her!

Forskingsjournalist i Framtida.no

Framtida.no søkjer etter journalist som vil laga god og spennande journalistikk om forsking.
Les meir om stillinga her!

Har du lyst på ein spennande jobb på OD-dagen?

Framtida.no søkjer etter nyhendejournalistar, kulturjournalistar, bokmeldarar, kommentatorar og PR-rådgjevarar på OD-dagen.
Les meir om jobbane her!

Lynkurs i å skriva bokmeldingar

I dag var eg på Stord Ungdomsskule for å læra 9.klassingar å skriva bokmeldingar.
Les meir!

Når Haugtussa hjelper oss i danningsarbeidet

«Nå skal me ha sidemål. Det likar ikkje de og nynorsk likar ikkje eg – men me får slita oss gjennom det saman».
Les meir!

Skrivekonkurranse: Kva skal me leva av i framtida?

Skriv om kva du meiner me bør leva av i framtida! Over 3.000 kroner i premiar.
Les meir her!

Framtida.no treng sommarvikarar og frilansarar

Vil du bli med på å skapa dagsorden?
Les meir om dei spennande jobbane her!

Kva er det største ønsket ditt?

Kva håper du vil skje i 2015?
Del ønskelista di med oss!

Lesarprisane frå mållaga

Eit innslag på den årlege bokkvelden til mållaga i Førde og Naustdal er to lesarprisar, til det barnet eller den yngre ungdommen som låner mest på biblioteka. I år var det Aurora Mariussen frå Naustdal (ho lånte mest i fjor òg!) og Jacob Amsrud Husa frå Førde som vann. Premien er ein gåvesjekk og “Odins smykke” 1-4 av Bjarte Sindre. Mållaga gratulerer!

Globalisering i samfunnsfag

Her får du tips til aktuelle oppgåver i samfunnsfag på VG2-nivå til kompetansemåla om globalisering og makt og avmakt i verdssamfunnet.
Sjå oppgåvene!

Finn eit rikare sjelsliv

Finn Tokvam med “Folk & Finn” i Førdehuset onsdag 12. november

-Han har ein fantastisk humor. Men alt alvoret i det som tilsynelatande er humoristisk, er det geniale. Den tosidige stemninga der, den elskar eg!

(Foto: Poul Iversen)

Finn Tokvam smiler strålande mot meg, men på ein stillferdig måte. Han fortel om Ragnar Hovland sine bøker. Hovland er nemleg ein av gjestene Finn tek med seg i sofaen når han flyttar talkshowet sitt ”Folk & Finn” frå Bergen til Førde onsdag 12. november.

Finn Tokvam er entusiastisk når han fortel, men ikkje påtrengande. – Eg likar ikkje å presse folk, understrekar han. I media er det alt for mykje av slikt, særleg i debattane. Det kjem ingenting ut av det. Det er tannlaust og dessutan dårleg folkeskikk! Eg slutta å sjå på debattar i 2003. Eg har hatt eit mykje rikare sjelsliv dei ti siste åra, ler Finn Tokvam. – Men eg likar veldig godt å snakke med folk! Dersom folk trivst i ein samtale, kan dei få lyst til å opne seg og fortelje det som er personleg nok til å ha allmenn interesse. Noko meir er eg ikkje interessert i. Eg prøver å komme halvnært inn på heilinteressante personar, forklarar Finn, framleis smilande.

For nokre veker sidan hadde han premiere på Lille Ole Bull Scene i Bergen. I sofaen sat mellom andre Ragnar Hovland. Når Finn Tokvam kjem til Førde tar han sjølvsagt Hovland med seg!

Kva er det med skrivinga hans som fascinerer deg? –Han skriv om eit miljø vi kjenner. Då eg var yngre opplevde eg at han gjorde populærkulturen til vår eigen på våre premissar. Han kan formulere fullkomne setningar eg aldri blir lei av å lese opp att. Men det unike med Hovland er nok likevel alt han ikkje seier. Alt som ikkje står der. Det som er underforstått, som han får deg til å tenkje sjølv.

Du har fleire gjester med deg i sofaen i Førde? –Ja, publikum kan verkeleg gle seg til møtet med Annlaug Børsheim frå Hardanger. For tida turnerer ho med Ivar Medaas-kabareten i ensemblet på Sogn og Fjordane teater. Annlaug er allsidig, på same tid som ho har eit sterkt særpreg. Ho er utdanna folkemusikar på hardingfele, men spelar også skikkeleg godt på gitar og ho syng så fint! Ho har rett og slett eit fint vesen. Alle vil ha henne med; I bandet til Frode Grytten er Annlaug Børsheim den nye stjerna.

Og så kjem det ein forfattar du ikkje kjenner fullt så godt? -Ja, Bjørn Sortland ser eg stort fram til å møte. Så snakkar vi om Sortland, om korleis han kan skrive fram tankane til ei trettenårig jente så truverdig at alle som har vore der er tilbake framfor spegelen der alt er feil, frå øvst til nedst. Som formidlar kunst og litteraturhistorie i skjønnlitterær fiksjon på glitrande vis.
Stor skrivekunst, som hjå Hovland.

-Eg prøvespelte på teaterhøgskulen ein gong, eg! fortel Finn plutseleg. – Eg hadde ei venninne som skulle prøve seg, så tenkte eg at eg kunne likså godt gjere det same. Eg øvde inn eit program på eit kvarters tid. Frå Sjølvmord i Skilpaddekafeen, av Hovland.

Så les Finn ei scene frå minnet. Om han som elskar ei jente på andre sida av skulegarden, men som set fram foten og spenner krok på henne når ho kjem mot han. Og eg tenkjer på Ragnar Hovland sin poetikk, på det han har sagt at han vil med skrivinga si: Ei underleggjering av kvardagen. Ei påminning til den som les om at det er i det kvardagslege og i det trivielle at det fantastiske kan skje. For no skjer det.

Saman om litterær formidlingsfest!

I det barnelitterære feltet arbeider mange aktørar for å gje barn og unge mulegheita til å bli glade i å lese. Men ikkje alltid i lag. Onsdag 12. november står kommune, fylke, høgare utdanning, forfattarar, forlag og media skulder ved skulder som arrangørar av eit storstilt litteraturseminar for den nynorske barnelesaren, – og den vaksne!

(Kommunalsjef Trond Ueland, Marie Dombestein, biblioteksjef ved Førde bibliotek, Janne Karin Støylen ved Nynorsksenteret, fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen og kulturhusleiar i Førdehuset, Johan Bengtson)
http://fylkesbiblioteket.sfj.no/formidlingsfest

– Målet er å skape ein møteplass for dei gode kreftene som kvar for seg arbeider for språkstimulering og leseglede for barn og unge. Slik kan vi få innsikt i kvarandre sine kunnskapar og gode erfaringar, seier fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen, som mellom anna vil lansere satsinga ”Nynorske lesegledarar” i sitt innlegg på seminaret.

Viktig tiltak for nynorsk språk
Konferansen er eit samarbeid mellom Landsamanslutninga av nynorskkommunar, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Det norske Samlaget og Førde kommune. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes opnar konferansen.

– Å vere språkleg trygg er ein viktig ballast i kvardagen. Difor er slike tiltak viktige for framtida til fylket vårt!, seier ho.

Tokvam og forfattarar til nynorskbyen
Finn Tokvam legg sitt nyetablerte talkshow ”Folk & Finn” til nynorskbyen for dette høvet. Deltakarane får møte fleire forfattarar, både på dagtid og kveldstid. Forfattar Bjørn Sortland, professor Øystein Vangsnes og mangeårig medlem av kulturdepartementet sin jury for barnebokprisar, Anne-Stefi Teigland er mellom dei mange føredragshaldarane på seminaret. I tillegg vil fleire forlag fylle opp konferanseområdet med eit bognande barneboktorg av nynorske barne- og ungdomsbøker.

– Vi lagar gode bøker, men dei fortener fleire lesarar! slår fungerande forlagssjef i Det Norske Samlaget, Ragnfrid Trohaug fast.

– For å vere ein god formidlar er det viktig å ta vare på si eiga leseglede. Når kvelden kjem er det den vaksne nynorsklesaren det gjeld, smiler Janne Karin Støylen ved Nynorsksenteret.

Initiativtakar til samarbeidet er Landssamanslutninga av nynorskkommunar ved prosjektleiar Svein Olav Langåker.

– Vi gler oss over initiativet og ser fram til å vere vertskap for dette flotte tiltaket som på mange måtar er ein prøvestein, fortel kommunalsjef Trond Ueland.

– Vi satsar på fleire litterære arrangement i byen vår framover.

– Det er flott at Sogn og Fjordane tek dette så sterkt på alvor. Og eg gler meg til å vitje Førde! seier Svein Olav Langåker.

Jobb på OD-dagen?

Framtida.no søkjer etter nyhendejournalistar, kulturjournalistar, bokmeldarar, kommentatorar og PR-rådgjevarar på OD-dagen.
Les meir!

Are Kalvø i norsktimen

Kva verkemiddel bruker Are Kalvø i tekstane sine?

Sjå oppgåver til Are Kalvø-tekstar her!

Leseglede og lærelyst med nynorske barne- og ungdomslitteratur

Me inviterer til seminar på Stord!
Les meir om seminarpakken her!

Gøy med nynorsk før sommarferien

Her kjem fleire tips frå oss i Framtida.no til aktivitetar i norsktimane før sommarferien.
Les heile saka no!

Gratulerer med Grunnlova!

I år fyller Grunnlova 200 år. Dette betyr 200 år med norsk sjølvstyre, og 200 år med demokrati. Sjølvstyret måtte nordmenn kjempe for, og demokratiet kom ikkje av seg sjølv, men dette skrivet gav grunnlag til den moderne norske staten. Likevel tenker mange at dokumentet er så fjernt frå kvardagen og så vanskelig å forstå som mulig. Men det er ikkje sant no lenger!

Les meir…

Bønder har høgast IQ

Det er tidleg vår i år. 30. april blei første åkeren sådd med grasfrø og med havre som dekkvekst, medan det bles nordavind og lette snøfjon dala ned. Eg let ikkje nordavinden ta frå meg vårkjensla. Nordavêr gir vanlegvis ikkje nedbør her, og det tok ikkje lang tid før sola var attende. Naboen og kollegaen min sa at bestefar hans hadde fortalt at i 1920 sådde dei korn 30. april i Mundal. No er det sikkert ikkje uvanleg å så i april somme andre stader i landet, men i Fjærland er det altså nesten hundre år sidan forrige gong.

Mellom lamming og våronn, medan vi bønder ventar på krav og tilbod og jordbruksforhandlingar, begynte eg å lure på kva plassering Sylvi Listhaug har i odelsrekka. For eg las nemleg for ei tid sidan om ein norsk studie frå 2007 som viser at plassering i søskenflokken påverkar IQen. Dei førstefødde har i gjennomsnitt høgast IQ, og så minkar IQen di lenger ut i søskenflokken ein er. Dette er sjølvsagt rein statistikk, og må ikkje misbrukast av storebrødre eller storesøstre. Men som Georg Arnestad seier: Statistikk lyg ikkje.
Les heile innhogget!

FrP og nynorsk

Hedmark FrP ønsker å fjerne nynorsk gjennom folkeavstemming fordi det er “for vanskelig”. Johan Aas (leder i Hedmark FrP) irriterer seg over byråkratiet som krever at brev på en målform skal besvares med samme målform, og også det nynorske øvingsrommet på Språkrådets nettsider. Han og Hedmark FrP ønsker derfor at vi ved lokalvalget i 2015 samtidig skal ha en folkeavstemming over om vi skal ha to målformer som i dag, eller kun én (bokmål da, selvfølgelig). Johan Aas og Hedmark FrP mener de har funnet deler av løsningen på frafallsproblematikken ved å foreslå å fjerne nynorsken.

Les meir…

Skrivekonkurranse om Grunnlova

Skriv om Grunnlova – premiar for 6000 kroner! NB! Utvida frist!
Les meir om konkurransen!