Viser arkivet for stikkord noreg

Paragraf 112

Hvordan tar man vare på fedrelandet?
I år 2100 vil jordens befolkning ha nådd 10,8 milliarder mennesker ifølge forskernes estimater. Det er lite trolig at Norge vil få en spesielt mye større befolkning ettersom den store befolkningsveksten hovedsakelig foregår i Afrika, der levestandarden vil øke mye fremover, noe som vil føre til at folk lever lenger.
Med en stadig økende befolkning, et stort press for å forsørge alle og få ubebodde strøk, trues jorda nå mer enn noen annen gang av enorme katastrofer. Enkelte uavhengige, men også mange menneskeskapte katastrofer.
Heron av Alexandria, også kjent som Mekanikus, var en av flere fremragende forskere, kunstnere og vitenskapsmenn som ble samlet i Alexandria i Egypt av den makedonske regenten Ptolemaios. Heron var en fremragende matematiker og ingeniør. Han fant blant annet opp Heronskulen og Heronsbrønnen. Heronskulen var verdens første dampmaskin og om den hadde blitt videreutviklet kunne den startet den industrielle revolusjon 1800 år før den faktisk startet.
Om Herons dampmaskin hadde blitt forbedret og den industrielle revolusjon var blitt sparket i gang allerede i antikken, kunne verden vært en ganske annen. Ja, om den da fortsatt hadde eksistert eller vært beboelig.
Den moderne dampmaskinen ble funnet opp av James Watt i 1769 og har snart eksistert i 250 år. Selv om den ikke lenger brukes (med enkelte unntak) har den sparket i gang en rasende klimaendring og kulturrevolusjon. Jordas befolkning har blitt mangedoblet og den gjennomsnittlige temperaturen på jorda har økt mye de siste 200 årene (se graf)

Selv om temperaturen ikke har økt mange grader, så gjør selv svært små endringer store utslag på jordas klima. Spesielt Afrika og Sør-Europa har blitt hardt rammet. Afrikas befolkning pakkes stadig tettere sammen i takt med Saharas okkupasjon av stadig mer land i Nord-Afrika. Den strekker seg allerede fra kyst til kyst og nå jobber den seg videre mot nord og sør.
Sør-Europa trues stadig oftere av hetetokter og i Sentral-Europa flommer det over. Bokstavelig talt.
Hva gjelder så Norge? Norge har en historisk motstandskraft mot naturkatastrofer og de eneste større katastrofene som har rammet landet er svartedauden og Nazi-Tysklands okkupasjonen, som er menneskeskapte katastrofer. De eneste nevneverdige naturkatastrofene vi har er noen snøskred-ulykker og flommer.
Norge er et av verdens rikeste land, men til tross for at vi har en enorm økonomi har vi gjort lite for å utvikle oss til å bli et mer miljøvennlig land. En borger av den norske stat slipper gjennomsnittlig ut 10 tonn med Co2-avfall i året. Det er lite i forhold til Qatars massive 44 tonn, men det er likevel et høyt tall.
Den norske politikken er, i likhet med nesten samtlige andre lands politikker, altfor treg og lite produktiv. Man sliter med å komme med fornuftige forslag og man bruker altfor lang tid på å gå inn for disse og sette de i live.
Som et av verdens dominerende land bør det være en selvfølge at Norge leder an i jakten på et grønt og miljøvennlig miljø. Som et av få land har Norge en økonomi som stadig generer mer penger til overs. Mye av disse pengene bør brukes på forskning og deretter etablering av miljøvennlige foretak, så som økt utnyttelse av vind- og vann-ressurser. Nå bør vi kjempe for å tilrive oss tittelen som «Verdens Miljøstat».

Torstein Bakketun Kyte

Obs! Teksten overskrider antall tegn kun på grunn av kildene under:
Kilder: Gapminder (svensk statistikk program, kan lastes ned på www.gapminder.org), en.wikipedia.org/wiki/Heron , http://no.wikipedia.org/wiki/Heron_av_Alexandria

Jomfruveljar

I år er det val. For min del er dette det første valet der eg kan stemma. Eg gler meg til å bruke min stemmerett, er litt bekymra for kva parti eg skal stemme, men mest av alt for om alle nyttar seg av retten dei har til å bestemme.

Til no har eg ikkje klart å bestemt meg for kva parti eg skal stemma. Eg klarar ikkje tru på alt som blir sagt og lovt, og har heller ikkje bestemt meg for kva sakar eg er mest opptatt av. Difor har eg klikka meg igjennom forskjellige valgomatar, i håp om å få svar på kva parti eg burde stemme. Eg tippa at Høgre ville komme høgt opp, sidan det var dei eg scora høgast på under valet for 2 år sidan. Resultata blei difor ganske overraskande. I følgje NRK bør eg stemma Kristeleg Folkeparti (KrF), Miljøpartiet De Grønne (MDG) eller Senterpartiet (Sp). Nettavisa meiner eg heilt klart eg bør gå for Sp, KrF eller Høgre. Aftenposten klarar ikkje bestemme seg og eg endar opp med Sp, Venstre og Høgre på delt førsteplass. Her kjem dessutan MDG 3. sist, det same gjorde dei på Nettavisa sin valgomat. Med andre ord ser det ut til at eg bør stemma Sp og Geir Pollestad. Noko som er heller tvilsomt..

Heldigvis er det ein månad til valdagen. Det gjenstår partileiardebattar, diskusjonar, avisoppslag, facebook-oppdateringar, moglege skandalar og partifellar som drit seg ut eller seier feil ting på feil tidspunkt til feil person. Ikkje minst kan medievinkling av saker ver avgjerande. Politikarar har dessutan mykje å vinne på rett retorikk, mediemerksemd og å få deira kjernesaker fram i media på best mogleg måte. Trynefaktor spelar ofte ei stor rolle + den politiske bodskapen.

Likevel er ikkje den størst bekymringa mi er kva parti eller kva politikar som skal få min stemme. Eg bekymrar meg meir for om folk nyttar stemmeretten sin. Det skremmer meg at mange av dei eg kjennar ikkje veit kva parti som sit i regjering eller kven som er statsministar eller partileiar i dei største partia. Eg blei lei meg å oppgitt når under halvparten i klassen kunne fortelje kva tre parti som sit i regjering. Fleire hadde heller aldri høyrt om Knut Aril Hareide eller Jonas Gahr Støre. Skremmande? Ja. Det som er endå meir skremmande er at mange seier at dei ikkje skal stemme. Det er heilt i orden og ikkje vite kva du vil stemme, men det er ikkje i orden og ikkje bruka stemmeretten! Finn det partiet du er mest einig med/ minst ueinig med, og stem! Eg trudde me var så opplyste no til dags at me visste at stemmeretten er grunnleggjande for eit demokrati. Dersom du ikkje nyttar stemmeretten blir det litt som å takka nei til demokratiet. Viss ingen gidd stemme, forsvinn retten og dermed også demokratiet. No er ikkje valdeltakinga så låg at demokratiet er truga, men me må ikkje ta det for gitt. Det er ikkje meir enn 100 år sidan kvinner fekk stemmerett og framleis kjempar barn, unge og vaksne for frie og demokratiske val i sitt eige land.

Ei oppfordring til alle, unge og gamle diskuter politikk og bruk din STEMMERETT!

16-åringar: bestemma over landet, men ikkje seg sjølve?

Foreldra si underskrift er som ein dyrebar nøkkel for mindreårige. Den opnar dører til alt som er nytt og spanande. Nektar foreldra dine deg nøkkelen, kan du eigentleg berre ta bustad i ei grotte fram til du vert 18. Før den tid, har du lite du skulle seia uansett.

Syster mi er 17 år. Onsdag skulle ho opna bankkonto. Både mor og far måtte skriva under diverse dokument for at det kunne godkjennast. Det er tidkrevjande, men forståeleg. Ein vil ikkje at ein mindreårig skal vikla seg inn i økonomiske flokar før ein er myndig og har det fulle ansvaret for seg sjølve.

Dersom ho skulle bestemma seg for å ta ei tatovering, måtte ho også hatt foreldra sitt samtykke. Elles risikerer ho om 20 år å bli sitjande og lura på kvifor ingen stoppa ho då ho tatoverte ”YOLO” langs truselininga.

Staten seier mindreårige ikkje kan ta det fulle ansvaret for sine handlingar, og at dei ikkje forstår lantidskonsekvensane av beslutningane dei tek. Foreldre og føresette må underskriva dokument i hytt og dynevêr: for å reisa på klassetur, søkja stipend og for å få pass. Det er så vidt ein får gå på toalettet i skuletimen med mindre ein har billetten med den gylne signatur.

I fleire samanhengar i samfunnet blir syster mi vurdert inkompetent til å ta eigne beslutningar og val. Ho skal ikkje bruka hjerna si eller tenkja for seg sjølve. Det er mor og far si oppgåve.

Å krevja foreldra sitt samtykke er logisk og fornuftig. Dersom syster mi tek ei dårleg beslutning som 16- eller 17-åring, skal ho ikkje måtte li for det langt inn i det vaksne liv.

Nokon meiner at å senka aldersgrensa for stemmerett vil auka deltakinga. Men det er lite sannsynleg. Det vil truleg gjeve ein kort opptur i stemmeoppslutninga i byrjinga, men deretter søkkja så snart det ikkje er nytt og spanande lengre. Røyndommen er så, at dei fleste 16-åringar er meir opptekne av kven som vinn Paradise Hotel enn kven som vinn valet.

Andre preikar om at 16-åringar burde få stemmerett fordi dei også er ein del av samfunnet. Jau, det er nå sant, men det er også ein 9- og 12-åring. Skal me gjeva dei også stemmerett? Sanninga er at 16-åringar verken har forståing eller livserfaring nok til å ta beslutningar som avgjer samfunnet me skal leva i imorgon. Den oppfatninga og haldninga viser staten ved å forlanga foreldra sitt klarsignal for kvar minste handling borna deira skal gjera.

Difor er det å innføra stemmerett for 16-åringar både korttenkt og irrasjonelt. Kvifor skal dei få bestemma over landet, når dei ikkje får bestemma over seg sjølve? Å kunna vera med å påverka morgondagens leiarar er eit av dei viktigaste vala ein skal ta. Dersom syster mi ikkje skal få bestemme om ho kan blekka «YOLO» ved trusekanten, burde ho heller ikkje få avgjera kven som skal forma Noreg sitt samfunn, utvikling og framtid. Iallfall ikkje utan foreldrenes samtykke.

Stemmer som ikkje er høyrt

Når eg var liten elska eg sirkus. Eg kunne omtrent dra mamma eller pappa gjennom dørene til sirkuset, eg klarte ikkje vente til å sjå dei praktfulle dyra. Når eg var liten var eg også uvisst om alt som forgikk i kulissene. Ja, eg var litt dom, men det var vel ikkje berre meg?

Debatten har vært stor dei siste åra når det gjeld elefantar og andre dyr i Sirkus. Dessverre har ikkje elefantane stemmerett i sin eigen skjebne. Dei er ikkje med på å bestemme kva som skjer med dei. Skal dei bli slipt fri? Fortsette i fangenskap og tvang til dagen dei dør, for så å bli erstatta med ein ny som lider av same skjebne? Skal det avvikles slik at når dei elefantane som nå er i sirkus dør, så er dette over?

Det er så mange som snakkar på vegne av elefantane, men når de snakkar om kvifor elefantane skulle bli i sirkus så blir dyrevelferda sjeldan brukt som et argument for! Det blir brukt økonomi, politikk, og andre merkelege argument som ikkje har noko å si for elefanten. Spørsmålet er; er livet elefanten får i Sirkus bra? Svaret på det varierer vel på kva man syns er bra. Det er nokon ting eg gjerne skulle ha gjort mot dei som stemmer FOR elefantar i Sirkus, så skulle de nok få eit anna syn på kva som er bra og ikkje bra.

Noen elefantar har tatt i bruk stemmeretten sin, men vi fortsetter å lukke øyrene for dei. Det dei seiar har ikkje nokon verknad på politikken. Elefantane rømmer, og setter liv i faresona. Til og med da vil ikkje landbruksministeren innrømme at nok er nok! Eg som trudde han berre hata dyr, men han lik visst ikkje menneskjer heller.

Det er viktig for oss som har ein stemmerett å bruke den, og vi må bruke den for dei som ikkje har noen muligheit til å bruke sin. Vi må forsvare de som ikkje har nokon makt. Ikkje berre elefantane, og ikkje berre dyr.

Hundre prosent norsk, femti prosent utlending

På spørsmål om jeg er helt norsk, har jeg lyst til å svare “ja”. Ikke fordi jeg fornekter opphavet mitt, men fordi jeg mener pappa sin opprinnelse kommer i tillegg til å være helt norsk. Min far er fra Marokko i nord-afrika, og min mor er norsk. Jeg er født og oppvokst her.

Det er ikke en kopp som skal fylles, sånn at det marokkanske tar opp halve plassen, og det bare er halvparten så mye “norskhet” igjen som får plass.

Jeg feirer 17. mai, spiser pølse, er oppvokst med Asgeir på barne-tv, og snakker selvfølgelig like bra norsk som alle andre. Jeg er født her, og har min norske familie her. I tillegg til norsk og engelsk, så snakker jeg fransk og arabisk. I tillegg til norsk musikk, har jeg hørt arabisk hele livet mitt. I tillegg til barnebunad, har jeg marokkansk festdrakt, og i tillegg til 17. mai hos mormor, har jeg Id al-fitr middag sammen med tante og søskenbarn. Jeg har et norsk etternavn, Warholm, og et marokkansk, Essahli. I tillegg, ikke istedenfor.

Det faktum at jeg har marokkansk kulturarv, språk, og familie, er et tillegg, og ikke en motsetning. Dette er vanskelig for mange å forstå, så barn av innvandrere velger å ikke snakke om foreldrenes opphav, fordi de møter fordommer, og usikkerhet i fra andre. Og de mister sin naturlige del av fellesskapet. Dette får mange unge til å velge side, og de går glipp av den ene delen. Men motsetningen er ikke reell, den er bare en misoppfatning, og et hinder for utrolig mange mennesker.

Å ha to kulturer, er ofte vanskelig. Man går inn og ut av to forskjellige verdener, og de rundt aner ikke hva du holder på med. Det er ingen sin feil, men det er ofte ensomt å ha en del av livet sitt som venner og andre ikke skjønner. For mange er det viktig å ta vare på kulturen sin, og det føler mange at de ikke kan gjøre. Man ofrer den for å være norsk. Det er ikke poenget med dette innlegget, heller tvert i mot.

Det er på tide at vi slutter å se på sånne som meg som mindre norske, for vi er hundre prosent norske, men vi har noe annet i tillegg. Jeg kan ikke understreke det mange nok ganger, for det betyr utrolig mye for meg, og jeg er helt sikker på at mange andre føler det på samme måte.

Når jeg var veggis som liten, så spurte folk meg diskret om det var fordi jeg var muslim, og det skapte en avstand mellom meg og dem. Jeg følte meg fremmedgjort, og redusert til noe mindre enn mitt engasjement og personlighet.

Har man bodd mesteparten av livet sitt her, og man føler seg norsk, så er man norsk. Foreldre kan være redde for at barna deres mister identiteten fra deres kultur, men det er ikke en konkurranse mellom dem og landet barna deres vokser opp i.

Religion er et stort tema i denne sammenhengen, men siden jeg ikke har noen religiøs bakgrunn selv, så kan jeg ikke svare for de som har det, det håper jeg noen andre vil gjøre.

Dette har jeg tenkt på lenge, og det betyr mye å ta det opp. Uansett hvor norsk jeg lever, har dette alltid vært et tema, og en utfordring. For at fordommer skal bekjempes, og at toleranse og forståelse skal få sin rettmessige plass, må vi snakke om disse tingene, og gi dem fokus og plass i media. Ikke på en negativ måte bestandig, men på en positiv og fremadretta måte.

Vann skrivekonkurranse om makt

Mange ungdommar er opptatt av stemmerett for 16-åringar, skal ein tru innlegga som kom inn i skrivekonkurransen vår.
Les meir!

Ungdom og innverknad

Om ungdomen burde hatt meir innverknad på samfunnet, er eit aktuelt spørsmål. Å innføra stemmerett for 16-åringar høyrest både sprøtt og flott ut på same tid. Det er sprøtt å setja seg sjølv som seksten år inn i ein slik situasjon. Men likevel er det ikkje mindre sprøtt å tenkja på at eg frå dette året av faktisk har stemmerett. Kan ikkje tru det, vil ikkje. Ja, eg vil gjera ein forskjell, eg vil jo det, men er det alltid eg som veit mitt eige beste? Fordi eg meiner noko og brenn for noko dette året, skal det ha innverknad på korleis kommunen eller nasjonen skal styrast dei neste fire åra? Før meg verkar det temmeleg sprøtt, men på same tid er det slik det skal vera. Usikker kjem eg til å vera seinare i livet òg.

Det er ikkje den aldersgruppa eg tilhøyrer som har mest makt, og det er det kanskje ein grunn til. Ja, me er umogne. Veit enno ikkje kva me vil seinare i livet. Dei vaksne tek seg stort sett av dei viktigaste sakene. Og det er heller ikkje til å stikka under ein stol at hovudtyngda av innbyggjarane i Noreg er godt vaksne. Og det er sjølvsagt fleirtalet som bestemmer. Høgaktuelle saker for fleirtalet vil vera til dømes betre sjukeheimar, betre pensjonsordningar og generelt meir gunstige vilkår for dei eldre. Og for all del, det er jo dei det er flest av, bør ikkje hovudtyngda då liggja der? Eg ser eigentleg ingen stor grunn til å sjå på dette som ein urimeleg påstand.

Men det er berre ein ting. Det finst som tidlegare nemnt ei gruppe i samfunnet, ei gruppe som kanskje ikkje inneheld dei mest erfaringsrike menneska. Men erfaringar har lite med vilje og potensial å gjera. Ein blir ikkje reflektert og rik på erfaringar over natta. Ting tar tid. Hundre prosent sikre i sine meiningar er dei for så vidt ofte, menneska i denne gruppa, men med tida endrar meiningane seg hurtig. Ofte vert dei påverka utanfrå, menneska i denne gruppa, utan heilt å spørja seg sjølve om si eiga meining. Men dei kan like fullt engasjera seg, ha ein enorm ståpåvilje, og ikkje gi seg før dei får til det dei krev. Og det er dei – me – som skal byggja landet vidare når dei eldste fell frå. Så får me heller tola å måtta ta fleire avgjersler og få meir makt, for det er me som er framtida.

Bør 16 åringar ha stemmerett?

Me unge har minst like sterke meiningar om saker som vaksne har.
Mange seier at ein ikkje skal kunne stemme når ein er 16 år fordi ein er for umoden. Det er faktisk ikkje slik at med ein gong du fyller 18 blir du moden. Det er langt ifrå alle 18 åringar og også 20 åringar som er modne.
Når ein er 16 år er det kanskje lettare å bli påverka av andre, for eksempel foreldre, eller ville gjere det same som venene sine og stemme likt som dei.
Det skal ikkje vere slik at dersom du er under 18 år er du ikkje ein del av samfunnet. Alle bør jo få vera med på å bestemma kven som skal styra kommunen din? Det er jo kommunen som styrer lokalsamfunna. Personleg syns eg det er for dårleg fritidstilbod. Om ein hadde hatt stemmerett som 16 åring kunne dette tilbodet kanskje vorte litt betre? Det er og andre tilbod som har med ungdommen å gjere.
Ta kollektivtrafikken som eit eksempel. Her eg bur går det buss eit par gonger i veka. Skal du komme deg nokon plass er du nøydd til å få nokon til å kjøre deg. Men kva gjer dette for vaksne? Dei har jo bil og er ikkje avhengig av buss for å komme seg nokon plass.
I fleire tilfelle teller du som «vaksen» når du er 16 år. Blant anna på buss, seksuell lågalder og helsa di.
Samstundes skjønnar eg kvifor det er ei grense på 18 år for å stemme. Du er trossalt myndig og har rett og slett meir forpliktelser enn kva ein har som 16 åring. Ein kan kjøpe alkohol, kjøre bil og er meir inne i «vaksenverda.»
Eg vil seie meg delvis einig med dei som seier at ein ikkje veit nok om politikken, men kanskje bør me då ta det enno meir inn i skulen? Slik at då vil ein kunne nok om politikken og dei ulike programma. Sjølvsagt er det ungdom som veit mykje om politikk og engasjerer seg meir enn andre.
Eg syns at det bør vere eit val du tek som 16 åring om du vil stemme eller ikkje. Somme seier at dei ikkje bryr seg om politikk i det heile. Så la vær å stemme då? Men tenk på dei som engasjerer seg sterkt i politikken og ynskjer å stemme. La dei stemme.
Altså meiner eg at ein bør senke grensa frå 18 til 16 år. Dei som interesserer seg for politikken kan stemme, og dei som ikkje bryr seg kan la være. Det gjer jo ein muleghet til at ungdom får vera med å bestemme over sin eigen kommune og sitt eige land.

"Nynorsk er noe dritt"

I Noreg er nynorsk blitt noko heilt ”latterleg” og ”tragiskt” blant oss ungdommar. Og du er spesiell om du i det heile tatt berre skriv nynorsk. Ein kan besøkje kommunar i tjukkaste Sogn og Fjordane, der du vil få høyre nesten meir bokmål enn nynorsk. Ord som ”bare” og ”spise” er heilt vanleg å seie. Utruleg skremmande! Kvifor tørr ingen ungdommar å skilje seg ut å snakke/skrive eit meir særskild skriftspråk?

Heile 90% av alle norske elevar har bokmål som hovudmål. Noko som ikkje er bra for nynorsken. Ei undersøking viser òg at 75% av ungdommen i Noreg som har nynorsk som hovudmål skiftar til bokmål som hovudmål, når dei kjem på ungdomsskulen. Eg tykkjer det er ganske trist at mange blant oss ungdommar skiftar hovudmål når dei kjem på ungdomsskulen. Det er viktig å halde på nynorsken, spesielt når du kjem på ungdomsskulen, for det er der ein utviklar og byggjar på nynorsken ein har lært på barneskulen.
For det fyrste er ungdommen ei aldersgruppe der ein blir lett påverka, dette gjeld òg språk. Ein vil gjerne snakke slik som kjendisane i tjukkaste Oslo, og ofte skjer denne påverknaden gjennom media. For det andre er me i ein fase der ein ikkje vil skilje seg ut, kanskje fordi nynorsk har litt meir ”røffare” ord enn bokmål, velgjer dei derfor bokmål. Noko som er utruleg teit, ein burde absolutt halde på nynorsken!
Alt skal vere så lett for ungdommen no for tida, det at ein berre skal ha eit hovudmål og inkje sidemål vil gjere oss ungdommar mykje slappare. Å jobbe for ein 6’ar i sidemål er noko alle burde ha motivasjon til, å ha kunnskap om sidemålet ditt er utruleg viktig. Det gir oss ungdommar mange gode røynsler som me kan ta med oss i verda.
Eg tykkjer dette er heilt absurd, me må byrje å bry oss og opne auga. Nynorsken kan ikkje bli utrydda på grunn av at me ikkje har så mange tøffe ungdommar i samfunnet. Nynorsk skal vere noko ein er stolt av, ein suvenir når du skal ut i verda eller møte andre folk med anna språk. Ivar Aasen skapte ikkje nynorsken for at den så skulle fjernast nokre få hundre år etter!
Lise-May Sæle, 14 år.
Leiar i Balestrand Ungdomsråd.

Bilete,kjelde: http://www.google.no/imgres?imgurl=http://www.nrk.no/contentfile/file/1.3090962!img3090885.jpg&imgrefurl=http://kvitter.blogg.no/1257938340_nynorsk_skrivedag_d_n.html&usg=__oTLxZsH15L3weW4LsPLA-3vXysY=&h=367&w=650&sz=46&hl=nn&start=0&zoom=1&tbnid=W9qhgEmJH36trM:&tbnh=113&tbnw=200&ei=9UYKTriMHsPRsgbZ76WvDg&prev=/search%3Fq%3Dnynorsk%26um%3D1%26hl%3Dnn%26sa%3DN%26biw%3D1252%26bih%3D619%26tbm%3Disch&um=1&itbs=1&iact=rc&dur=371&page=1&ndsp=17&ved=1t:429,r:5,s:0&tx=58&ty=91&biw=1252&bih=619

atterklang

I
me bur i gamlahuset på garden når me er heime. du fer rundt i blomekjolar, eg spelar på stovepianoet og lyder etter oldeforeldrene mine i resonansen frå dei gamle veggane. i holromma bak panelet blir dei av og til med ut, gøymd i usynlege trykkbylgjer, frekvensar høgare enn dei me høyrer. oldefar min, spelemannen, det er han eg høyrer best. tonane mine er bada i klangen av den brende einradaren.

II
det som før var keisemd er tryggleik. det som var stillstand er ro. eg saknar den mellom høghusa; kjensla av å vera det einaste mennesket ein stad. gå ned til elvi, kaste stein, heilt over på den andre sida, og sjå etter kvar han landa. fara til fjells og pusta i lag med rjupene og reinsdyra eg ser, prata med sauane som gamle kjende.

III
nærleiken er ein annan heime, og slik skal det vera. i byen må me finne han sjølv. lagar me ikkje luftehol – eit fredagsrituale, ein kveldsmatklubb eller ein øl ekstra når nokon er blakke – forvitrar me i avstanden, blir munch-andlet på karl johan og obstfelderske vekkomne. heime er det annleis, der kjenner eg folk, dei nikkar og helsar på meg, sjølv om eg ikkje har budd der på fem år og dei kanskje ikkje likte meg då heller. mange hugsar eg kvifor eg for frå, men til og med dei deler eg historie med. den knyter oss saman, tek oss nærare, utan at me eigentleg vil.

IV
eg ynskte mange gonger at lærdal skulle endre seg, at det var plass til oss som var annleis. for eg visste at motsett fall, at eg endra meg, ikkje kunne skje. men eg ser no at eg kravde for mykje av den gamle bygdi. ho kunne aldri laga plass, uansett kor hardt ho prøvde. ein ven sa ein gong; «alle me var utstøytte i bygdene våre». han hadde fleire vonde minne enn meg, men var ikkje bitter; han var sjølvsikker med alvor i røysti. me kom sterkare ut, men ikkje umerkte.

V
me drøymde alltid om london og paris. røyndom veks or draumen no, du bur i paris og til hausten fer me vest for å gjera britar av oss, nett som me hadde tenkt. me må laga nye tankar for dei neste åra; når me skal gifte oss, kor mange ungar me skal få, og kvar me skal bu. kva kunst me skal satse på, kven me skal bli kjende med. det er slik me verkar, me legg planar og jaktar dei, som om det sto om livet.
og sjølvsagt står det om livet. det er dette som er livet. når ambisjonen er å aldri døy, er det inga tid å miste. me er unge, me må vera der det skjer. det nyttar ikkje å sitja i oslo viss london byggjer den nye verdsordenen.

VI
men stativet lerretet mitt står på, er dét eg har fått frå besteforeldra mine. dei har vore bønder og handtverkarar, husmødre og arbeidsfolk. og når eg sler meg ned, lyt eg veta at eg fører den arven vidare. ungane mine må forstå kvardagen dei kjem frå, tidi, landet og jordi. om dei kan få den innsikti utan å bu i noreg, veit eg ikkje. men eg ser noko når det går stein i haugsgjel, som eg ikkje ser andre stader. når elvi fløymer, eller eg står øvst på freibotnfjellet og speglar meg i fjorden. det er ikkje noko spegelbilete, men likevel er det meg eg ser.

VI
så kanskje, når dei store stormane ligg attom oss, me prøver til att. om ikkje det går an, berre nokre månader i året, å bu under fjella. eg var aldri roleg i lærdal før. sjeldan no heller, men eg er ikkje så dregen ut som då. eg leitte febrilsk etter stader der folk skulle forstå meg og likne på meg – eg har funne nokre no. det er ikkje folk sin feil at dei aldri forsto meg, ikkje min heller. det berre er, som elvi, jordi og fjella. det er og skal vera. resonansar og løynde frekvensar.

Velkommen til skrivekonkurranse!

Tilbake til 2020. Kva framtid vil du ha?
Les meir!