Viser arkivet for stikkord litteratur

Lynkurs i å skriva bokmeldingar

I dag var eg på Stord Ungdomsskule for å læra 9.klassingar å skriva bokmeldingar.
Les meir!

Lesarprisane frå mållaga

Eit innslag på den årlege bokkvelden til mållaga i Førde og Naustdal er to lesarprisar, til det barnet eller den yngre ungdommen som låner mest på biblioteka. I år var det Aurora Mariussen frå Naustdal (ho lånte mest i fjor òg!) og Jacob Amsrud Husa frå Førde som vann. Premien er ein gåvesjekk og “Odins smykke” 1-4 av Bjarte Sindre. Mållaga gratulerer!

Finn eit rikare sjelsliv

Finn Tokvam med “Folk & Finn” i Førdehuset onsdag 12. november

-Han har ein fantastisk humor. Men alt alvoret i det som tilsynelatande er humoristisk, er det geniale. Den tosidige stemninga der, den elskar eg!

(Foto: Poul Iversen)

Finn Tokvam smiler strålande mot meg, men på ein stillferdig måte. Han fortel om Ragnar Hovland sine bøker. Hovland er nemleg ein av gjestene Finn tek med seg i sofaen når han flyttar talkshowet sitt ”Folk & Finn” frå Bergen til Førde onsdag 12. november.

Finn Tokvam er entusiastisk når han fortel, men ikkje påtrengande. – Eg likar ikkje å presse folk, understrekar han. I media er det alt for mykje av slikt, særleg i debattane. Det kjem ingenting ut av det. Det er tannlaust og dessutan dårleg folkeskikk! Eg slutta å sjå på debattar i 2003. Eg har hatt eit mykje rikare sjelsliv dei ti siste åra, ler Finn Tokvam. – Men eg likar veldig godt å snakke med folk! Dersom folk trivst i ein samtale, kan dei få lyst til å opne seg og fortelje det som er personleg nok til å ha allmenn interesse. Noko meir er eg ikkje interessert i. Eg prøver å komme halvnært inn på heilinteressante personar, forklarar Finn, framleis smilande.

For nokre veker sidan hadde han premiere på Lille Ole Bull Scene i Bergen. I sofaen sat mellom andre Ragnar Hovland. Når Finn Tokvam kjem til Førde tar han sjølvsagt Hovland med seg!

Kva er det med skrivinga hans som fascinerer deg? –Han skriv om eit miljø vi kjenner. Då eg var yngre opplevde eg at han gjorde populærkulturen til vår eigen på våre premissar. Han kan formulere fullkomne setningar eg aldri blir lei av å lese opp att. Men det unike med Hovland er nok likevel alt han ikkje seier. Alt som ikkje står der. Det som er underforstått, som han får deg til å tenkje sjølv.

Du har fleire gjester med deg i sofaen i Førde? –Ja, publikum kan verkeleg gle seg til møtet med Annlaug Børsheim frå Hardanger. For tida turnerer ho med Ivar Medaas-kabareten i ensemblet på Sogn og Fjordane teater. Annlaug er allsidig, på same tid som ho har eit sterkt særpreg. Ho er utdanna folkemusikar på hardingfele, men spelar også skikkeleg godt på gitar og ho syng så fint! Ho har rett og slett eit fint vesen. Alle vil ha henne med; I bandet til Frode Grytten er Annlaug Børsheim den nye stjerna.

Og så kjem det ein forfattar du ikkje kjenner fullt så godt? -Ja, Bjørn Sortland ser eg stort fram til å møte. Så snakkar vi om Sortland, om korleis han kan skrive fram tankane til ei trettenårig jente så truverdig at alle som har vore der er tilbake framfor spegelen der alt er feil, frå øvst til nedst. Som formidlar kunst og litteraturhistorie i skjønnlitterær fiksjon på glitrande vis.
Stor skrivekunst, som hjå Hovland.

-Eg prøvespelte på teaterhøgskulen ein gong, eg! fortel Finn plutseleg. – Eg hadde ei venninne som skulle prøve seg, så tenkte eg at eg kunne likså godt gjere det same. Eg øvde inn eit program på eit kvarters tid. Frå Sjølvmord i Skilpaddekafeen, av Hovland.

Så les Finn ei scene frå minnet. Om han som elskar ei jente på andre sida av skulegarden, men som set fram foten og spenner krok på henne når ho kjem mot han. Og eg tenkjer på Ragnar Hovland sin poetikk, på det han har sagt at han vil med skrivinga si: Ei underleggjering av kvardagen. Ei påminning til den som les om at det er i det kvardagslege og i det trivielle at det fantastiske kan skje. For no skjer det.

Saman om litterær formidlingsfest!

I det barnelitterære feltet arbeider mange aktørar for å gje barn og unge mulegheita til å bli glade i å lese. Men ikkje alltid i lag. Onsdag 12. november står kommune, fylke, høgare utdanning, forfattarar, forlag og media skulder ved skulder som arrangørar av eit storstilt litteraturseminar for den nynorske barnelesaren, – og den vaksne!

(Kommunalsjef Trond Ueland, Marie Dombestein, biblioteksjef ved Førde bibliotek, Janne Karin Støylen ved Nynorsksenteret, fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen og kulturhusleiar i Førdehuset, Johan Bengtson)
http://fylkesbiblioteket.sfj.no/formidlingsfest

– Målet er å skape ein møteplass for dei gode kreftene som kvar for seg arbeider for språkstimulering og leseglede for barn og unge. Slik kan vi få innsikt i kvarandre sine kunnskapar og gode erfaringar, seier fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen, som mellom anna vil lansere satsinga ”Nynorske lesegledarar” i sitt innlegg på seminaret.

Viktig tiltak for nynorsk språk
Konferansen er eit samarbeid mellom Landsamanslutninga av nynorskkommunar, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Det norske Samlaget og Førde kommune. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes opnar konferansen.

– Å vere språkleg trygg er ein viktig ballast i kvardagen. Difor er slike tiltak viktige for framtida til fylket vårt!, seier ho.

Tokvam og forfattarar til nynorskbyen
Finn Tokvam legg sitt nyetablerte talkshow ”Folk & Finn” til nynorskbyen for dette høvet. Deltakarane får møte fleire forfattarar, både på dagtid og kveldstid. Forfattar Bjørn Sortland, professor Øystein Vangsnes og mangeårig medlem av kulturdepartementet sin jury for barnebokprisar, Anne-Stefi Teigland er mellom dei mange føredragshaldarane på seminaret. I tillegg vil fleire forlag fylle opp konferanseområdet med eit bognande barneboktorg av nynorske barne- og ungdomsbøker.

– Vi lagar gode bøker, men dei fortener fleire lesarar! slår fungerande forlagssjef i Det Norske Samlaget, Ragnfrid Trohaug fast.

– For å vere ein god formidlar er det viktig å ta vare på si eiga leseglede. Når kvelden kjem er det den vaksne nynorsklesaren det gjeld, smiler Janne Karin Støylen ved Nynorsksenteret.

Initiativtakar til samarbeidet er Landssamanslutninga av nynorskkommunar ved prosjektleiar Svein Olav Langåker.

– Vi gler oss over initiativet og ser fram til å vere vertskap for dette flotte tiltaket som på mange måtar er ein prøvestein, fortel kommunalsjef Trond Ueland.

– Vi satsar på fleire litterære arrangement i byen vår framover.

– Det er flott at Sogn og Fjordane tek dette så sterkt på alvor. Og eg gler meg til å vitje Førde! seier Svein Olav Langåker.

Kva er den beste boka du har lese på nynorsk?

Del favoritten din med oss, og ver med i trekkinga av tre eksemplar av den nye boka “Landet under isen. Dødeboka” av Lars Mæhle!
Del favorittboka her!

Vil du melda bøker for oss?

Framtida.no søkjer bokmeldarar.
Les meir!

Dyrelegepraksis og spenningsbok for skuleelevar

I forbindelse med skulebesøk med barneboka mi, Elise og mysteriet med dei døde hestane, som passar for aldersgruppa 10-100 år, har eg laga eit skuleprogram om dyrlegepraksis. Eg viser foto av dyr og foto frå praksis, og her ser du ein liten smakebit frå programmet.

Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spenningsbok for barn og ungdom, utgitt på Samlaget i august.

Boka er den første i ein serie spenningsbøker om hest, dyrlegar og livet på bygda. Les omtalen hos NRK.

Ein dag var eg på Flatene skule i Førde og snakka for 1.-4.klasse i to puljar på a hundre elevar i 45 minutt per pulje. Det var veldig gøy. Ungane var veldig engasjerte. Først fortalde eg om å vere dyrlege, så las eg passande passasjar frå boka og så viste eg mange bilete. Når eg viser bilete, spør eg ungane kva dei trur dei ser, eller andre spørsmål relaterte til bileta, og det var ein utruleg respons. Dei var altså heilt med. Eg prøver trekke dei med så dei er delaktige heile vegen, og wow, for eit engasjement. Alt frå einstemmig WOW til einstemmig ÆSJ! Eller OOOOJ så kult!! eller latter. Og hender i veret heile tida. Slikt kan eg like!!

Årets beste hestebok, ifølge haugenbok.

Eg fortel masse artige historier frå praksis, og i kva andre yrker kan du snu ein hest opp ned og heise den opp i taket? Om rulling av kyr med vondt i magen, om hestens skarpe tenner og korleis gi kaninen din rett mat. Bileta er frå hesteklinikk, operasjonssalar, feltpraksis, Sverige og Norge og viser alle slags dyr i situasjonar du vanlegvis aldri ser dei i. Det skal vere ein opplevelse for ungane å sjå, og lærarane sjølvsagt!





Dette er verdas eldste hesterase, Akhal-Teke, og det var den som inspirerte meg til å skrive om Elise.




Dette må du ikkje finne på heime. Og kva er det eg driv med, og kvifor?




Hesten har hovudet sitt nesten heilt full av tenner! Berre sjå på biletet over!




Visste du at det fanst tamme elgar du kan kysse på nasen? Eller at vi kan lage ost av elgmelk?




I kva andre yrker enn som dyrlege kan du snu ein hest opp ned? Og kvifor gjer vi det?




Alpakka med tannverk vert operert på hesteklinikken i Oslo. Kvifor trur du han har ei tube ned i halsen?




Her ser du ei ku med vondt i magen. Då spurde elevane kvifor den har rosa strek på magen. Ja, veit du det? Og visste du at kyr med vondt i magen kan rullast rundt og bli bra igjen?




Her ser du kyr i India. Når dei skal pyntast, får dei målt horna sine blå! Ganske kult. Og ungane var altså heilt med, og på slutten, då dei fekk stille spørsmål, skaut åtti hender i lufta. Oh my god, det var mange spørsmål!! Og dei hadde laga masse spørsmålslappar som dei hadde med seg og spurde om alt frå kor lang tid det tek å skrive ei bok, til kva som er det søtaste dyret eg nokon gong har sett.

Og så hadde dei teikna dyr. Heile rommet var fullt av fine teikninar dei hadde laga før eg kom. Det var skikkelig stilig. Og så fekk eg med meg eit heilt hefte med teikningar heim!
















Programmet passar også for eldre, til og med vaksne som vil ha litt lett underhaldning. Det kan frykteleg lett tilpassast etter behov og ønske, og passar både som bokprogram og for eksempel i naturfag. Eller på andre ting, som bokdagar eller kvar som helst ein føler at det glir inn eller kan fungere. Det tek ca 45 minutt i fullformat, kortare eller lenger tid er kjapt å tilpasse.