Viser arkivet for stikkord avgift

Å gå ned ei gate

I 2020.
Eg går ute mens regnet skriv dikt i dammane under lyktestolpane og vinden prøver å lære lauvet å danse. Rundt meg stig dei høge husa og prøver å støtte opp om himmelen, men det er for seint, den har allereie begynt å falle. Eg trekker jakka tettare rundt meg. Kva skjedde med alt saman? Eg prøver å hugsa kor alt blei av, men alt er innhylla i sigarettrøyk, ølrus, store berg med bøker og musikk som dundrar rett igjenom kleda og inn i hjartet. Spørsmåla svirar rundt og leiker rundt meg på same måte som lauva leiker rundt treet dei hang fast i før. Eg veit det hadde med val å gjere, kven eg ville vere og kven andre ville ha meg som. Det handla om draumane, som forandra seg frå sekund til sekund. Det handla om å ta spranget og våga å hive seg i det.
Men no.
No er flaska tom, den siste røyken har slokna og Tom Waits og Ambjørnsen er daude. Den einaste som er igjen er meg. Meg og minna som ripar seg djupare inn i hjernen min jo lengre bort eg går, men eg kan ikkje stoppa. Tårene mine treffer asfalten på same måte som regndråpane gjer det, og aldri har det eksistert ei betre maske enn regndråpar ein sein oktoberkveld i 2020. Eg frys og tenkjer på alt som var, ikkje på det som skal koma. Framom meg ser eg berre enda ei gate, med dei same husa, lyktestolpane og trea. Det ser akkurat ut som det alltid gjør.
Eit glimt.
Gjennom den eine lysstråla der framme ser eg eit enkelt kvitt flak som dett ned mot den svarte asfalten. Det ligg der og lyser som ein vegvisar og ropar på meg med den spinkle stemma si. Det ropar om at eg må skunda meg, ikkje stoppe å gå, ikkje grave meg ned, men berre fortsette. Eg smilar og tankane om alt blir kvite og milde dei og medan eg går inn i gata som kanskje ikkje er lik dei andre, eller kanskej den er det. Men det veit ein ikkje før ein har gått den.

Arveavgift = Skatt for å døy?

Arveavgifta = Døds skatt?

Ein kan fritt arve inntil kr 470’000, men utover dette skal ein betale ei avgift på 6 % for dei neste 330’000 og 10 % alt over 800’000, men kvifor skal det vera slik at ein til og med må betale for å døy?

Ein har trass alt betalt for seg med skattar og avgifter heile livet, Til dømes har ein betalt vegavgift, som forresten har endra namn til årsavgift, ein betaler òg gjerne eigedomsskatt, i tillegg til at man betaler for vatn, kloakk, søppeltømming og så bortetter.
Ikkje nok med at ein skal betale for dette, så skal ein òg betale for å heve løn, ein må altså betale for å vere i arbeid.
Det er nok mange som tenkjer at det kan vera smart å løyne ein del. Det at nokon vil arbeide ”svart” har eg forståelse for, då dette innebær at ikkje staten Noreg ”stjel” løna di.

Det er då eg lurer på kvifor ein skal betale avgift til staten når ein døyr òg, for meg virkar dette som eit reint røveri og ingen ting anna.
Eg har no studert lovar og forskriftar, samt noko av Noregs historie, men eg har enda til gode å finna ei god forklaring på kvifor arveavgifta i det heile blei innført.

Eg meiner at vi kunne vert foruten denne avgifta i Noreg, då det trass alt allereide er betalt skatt av desse pengene.

Kva meinar DU om denne saka?

Legger ved link til lovdata – arveavgift: