Viser arkivet for stikkord allmenn

Likestilling er lik allmenn stemmerett?

Noreg 2013 er eit av verdas mest likestilte land. Politikarane snakkar om likestilling, kranglar om likestilling og roser likestilling. Samstundes snakkar me om allmenn stemmerett og like rettar mellom menn og kvinner i eit og same andedrag. Dreier likestilling seg mest om allmenn stemmerett, og er det det som skal til for å få likestilling?

Dei raudgrøne i politikken er flinke til å snakke om likestilling. 11. juni 2013 på Eidsvolls plass i Oslo vart stemmerettsjubileet feira med besøk og talar av både statsminister Jens Stoltenberg og statsråd Inga Marte Torkildsen. Først og fremst hylla dei kvinnene som hadde kjempa for å få stemmerett, men dei kom òg inn på temaet likestilling. Sjølvbestemt abort, barnehageplassar og fleire kvinner i arbeid vart trekte fram som store, viktige forandringar i det norske samfunnet etter me fekk allmenn stemmerett.

Noreg er ikkje aleine om å ha allmenn stemmerett, og det er berre nokre få land som ikkje har det i dag . I India blei allmenn stemmerett innført i 1949 . Likevel har ikkje India utvikla seg på same måte som Noreg. Rystande episodar, kor jenter heilt ned i treårsalderen har blitt valdtekne, utan at politiet eller staten har teke tak i det, har vore i media det siste året, og me veit at India er kjent for tvangsekteskap. Kulturen til landet legg ikkje til rette for meir likestilling.

Så kva er det som gjer at Noreg er eit mykje meir likestilt samfunn enn India og andre land med allmenn stemmerett? Først og fremst har kulturen enormt mykje å seie. Noreg er ikkje kjent for ein kultur der ein nyttar vald og våpen for å få igjennom det me vil. Me bruker ord og demonstrasjonar og demokratiske middel, og samstundes høyrer dei som styrer på innbyggjarane. Klassar har òg mykje å seie når det gjeld likestilling. Mange andre statar deler systematisk inn innbyggjarane i klassar, og dei passar på at dei øvste i samfunnet får meir å seie enn dei som er heilt nedst. Sjølv om me har forskjellar i Noreg òg, og nokre yrke er betre betalte enn andre eller meir respekterte, finn me ikkje den systematiske delinga, for det er ikkje ein del av vår kultur. Dette gjer at likestillinga får gro i samfunnet vårt og me respekterer det.

Før kristendommen kom i Noreg, hadde me ein meir valdeleg kultur med klasseskilje. Sjølv om det gjekk mange år frå kristendommen kom, til Noreg vart eit demokrati, kan me sjå at religionen endra oss som personar og samfunn. Likeverd og respekt vart naturleg for oss. På same måte kan religionar vere med å stagge likestillinga, viss den står for andre verdiar. Sidan statsreligion er med på å avgjere kulturen i eit land, har dette mykje å seie for likestillinga.

Likestilling har altså ikkje berre med allmenn stemmerett å gjere, men òg med kultur og religion. Hadde Stoltenberg og Torkildsen då feil, då dei snakka om likestilling 11. juni? Ikkje nødvendigvis, for eit likestilt samfunn utan allmenn stemmerett finst ikkje. Det er akkurat som ei godteskål utan sukker. Det grunnleggjande må vere på plass først. Om resten av likestillinga dei gjekk inn på hadde like mykje med 11. juni 1913 å gjere, som det dei meinte, er ikkje nødvendigvis sant.

1913 var utvilsamt eit viktig år i Noreg, både politisk og kulturelt, men ikkje like viktig som me skulle tru, for det er dei grunnleggjande verdiane og kulturen og tradisjonane i landet som er med på å skape eit samfunn, ikkje berre allmenn stemmerett. Kunne det kanskje vore like riktig å snakke om likestilling på 17. mai?

Haugan, Siv, Indias historie, http://snl.no/Indias_historie (20. august 2013)
Wikipedia, Kvinnelig stemmerett, http://no.wikipedia.org/wiki/Kvinnelig_stemmerett (20. august 2013)