Viser arkivet for stikkord aldersgrensa

16-åringar: bestemma over landet, men ikkje seg sjølve?

Foreldra si underskrift er som ein dyrebar nøkkel for mindreårige. Den opnar dører til alt som er nytt og spanande. Nektar foreldra dine deg nøkkelen, kan du eigentleg berre ta bustad i ei grotte fram til du vert 18. Før den tid, har du lite du skulle seia uansett.

Syster mi er 17 år. Onsdag skulle ho opna bankkonto. Både mor og far måtte skriva under diverse dokument for at det kunne godkjennast. Det er tidkrevjande, men forståeleg. Ein vil ikkje at ein mindreårig skal vikla seg inn i økonomiske flokar før ein er myndig og har det fulle ansvaret for seg sjølve.

Dersom ho skulle bestemma seg for å ta ei tatovering, måtte ho også hatt foreldra sitt samtykke. Elles risikerer ho om 20 år å bli sitjande og lura på kvifor ingen stoppa ho då ho tatoverte ”YOLO” langs truselininga.

Staten seier mindreårige ikkje kan ta det fulle ansvaret for sine handlingar, og at dei ikkje forstår lantidskonsekvensane av beslutningane dei tek. Foreldre og føresette må underskriva dokument i hytt og dynevêr: for å reisa på klassetur, søkja stipend og for å få pass. Det er så vidt ein får gå på toalettet i skuletimen med mindre ein har billetten med den gylne signatur.

I fleire samanhengar i samfunnet blir syster mi vurdert inkompetent til å ta eigne beslutningar og val. Ho skal ikkje bruka hjerna si eller tenkja for seg sjølve. Det er mor og far si oppgåve.

Å krevja foreldra sitt samtykke er logisk og fornuftig. Dersom syster mi tek ei dårleg beslutning som 16- eller 17-åring, skal ho ikkje måtte li for det langt inn i det vaksne liv.

Nokon meiner at å senka aldersgrensa for stemmerett vil auka deltakinga. Men det er lite sannsynleg. Det vil truleg gjeve ein kort opptur i stemmeoppslutninga i byrjinga, men deretter søkkja så snart det ikkje er nytt og spanande lengre. Røyndommen er så, at dei fleste 16-åringar er meir opptekne av kven som vinn Paradise Hotel enn kven som vinn valet.

Andre preikar om at 16-åringar burde få stemmerett fordi dei også er ein del av samfunnet. Jau, det er nå sant, men det er også ein 9- og 12-åring. Skal me gjeva dei også stemmerett? Sanninga er at 16-åringar verken har forståing eller livserfaring nok til å ta beslutningar som avgjer samfunnet me skal leva i imorgon. Den oppfatninga og haldninga viser staten ved å forlanga foreldra sitt klarsignal for kvar minste handling borna deira skal gjera.

Difor er det å innføra stemmerett for 16-åringar både korttenkt og irrasjonelt. Kvifor skal dei få bestemma over landet, når dei ikkje får bestemma over seg sjølve? Å kunna vera med å påverka morgondagens leiarar er eit av dei viktigaste vala ein skal ta. Dersom syster mi ikkje skal få bestemme om ho kan blekka «YOLO» ved trusekanten, burde ho heller ikkje få avgjera kven som skal forma Noreg sitt samfunn, utvikling og framtid. Iallfall ikkje utan foreldrenes samtykke.