Framtida.no søkjer etter forskingsjournalist og skribentar

Framtida.no er i vekst og søkjer etter forskingsjournalist, skribentar og frilansarar som vil laga god og spennande journalistikk om forsking, politikk, språk, utdanning, kultur og ungdom.

Me lyser ut eit engasjement i 100 prosent fram til juni 2017 som:

Forskingsjournalist
Du som me søkjer etter er idérik, kontaktskapande, god til å samarbeida, har gode allmennkunnskapar, følgjer med i nyhendebildet og er god til å formidla forsking. Du har god, nynorsk språkføring og arbeider sjølvstendig. Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel.

Engasjementet som forskingsjournalist er finansiert med midlar frå Vinjefondet. Det er gjeve tilsegn om støtte til og med mai 2017, med atterhald om budsjettvedtak i Stortinget. Forlenging av engasjementet kan bli aktuelt.

Me tilbyr ein utfordrande jobb med stor fridom i eit lærerikt miljø – der du får høve til å finna nye måtar å fortelja historier på.

Skribentar
Me søkjer òg etter skribentar som kan vera med på å skapa god debatt. Du som me søkjer er idérik, har gode allmennkunnskapar, følgjer med i nyhendebildet og har eit sterkt samfunnsengasjement. Du har god, nynorsk språkføring og arbeider sjølvstendig.
Du evnar å skapa debatt som set dagsorden innanfor stoffområde som politikk, språk, utdanning, kultur og ungdom.

Søknadsfrist: 11. mai.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Svein Olav Langåker, redaktør Framtida.no, 94875365

Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein@framtida.no.

Framtida.no er ei nyhende- og debattavis for unge. ABC Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Landslaget for lokalaviser og nettidsskriftet Magasinett tok initiativ til satsinga i 2010. Me tek mål av oss å vera eit lokomotiv for nynorsk journalistikk på nett. I løpet av ein månad har me 40-50.000 brukarar. Me har kontorlokale hos ABC Startsiden i Oslo sentrum og i Leirvik sentrum på Stord.

Vist 707 gonger. Følgt av 1 person.

Nye bilder