Framtida.no søkjer sommarvikarar og spaltistar

Vil du bli med på å skapa dagsorden?

Framtida.no søkjer etter journalistar til i sommar som kan grava fram nyhende og starta debattar, anten det er innan samfunn, kultur eller utdanning.

Me søkjer etter journalistar som er iderike, kontaktskapande, gode til å samarbeida og har god allmennkunnskap. Du har god, nynorsk språkføring og arbeider sjølvstendig og raskt. Journalistisk erfaring på nett er ein fordel.

Me tilbyr ein utfordrande jobb med stor fridom i eit ungt og lærerikt miljø – der du får høve til å finna nye måtar å fortelja historier på.

Me søkjer òg etter spaltistar som evnar å setja i gang debattar. Du skriv og argumenterer godt, og har evna til å få sjå nye sider ved ei sak.

Søknadsfrist: 23. februar

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Svein Olav Langåker, redaktør Framtida.no, 94875365

Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein@framtida.no

Framtida.no er ei nyhende- og debattavis for unge. ABC Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Landslaget for lokalaviser og nettidsskriftet Magasinett tok initiativ til satsinga i 2010. I tillegg til eigenproduksjon, leverer i dag kring 25 aviser og tidsskrift stoff til Framtida.no. Framtida.no-redaksjonen er ansvarleg for drifta av Magasinett.no, Pirion.no og LNK.no og leverer også innhald til ABC Nyheter og fleire lokalaviser. Me tek mål av oss å vera eit lokomotiv for nynorsk journalistikk på nett. Me har kontorlokale hos ABC Startsiden i Oslo sentrum og i Leirvik sentrum på Stord.

Les meir i den redaksjonelle rapporten vår!

Vist 594 gonger. Følgt av 1 person.

Nye bilder