Forskingsjournalist i Framtida.no

Framtida.no søkjer etter journalist som vil laga god og spennande journalistikk om forsking.

Du som me søkjer etter er iderik, kontaktskapane, god til å samarbeida, har gode allmennkunnskapar, følgjer med i nyhendebildet og er god til å formidla forsking. Du har god, nynorsk språkføring og arbeider sjølvstendig. Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel.

Me tilbyr ein utfordrande jobb med stor fridom i eit ungt og lærerikt miljø – der du får høve til å finna nye måtar å fortelja historier på.

Engasjementet som forskingsjournalist er finansiert med midlar frå Vinjefondet. Det er gjeve tilsegn om støtte til mai 2017, med atterhald om budsjettvedtak i Stortinget. Forlenging av engasjementet kan bli aktuelt.

Søknadsfrist: 8. november.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Svein Olav Langåker, redaktør Framtida.no, 94875365

Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein@framtida.no.

Framtida.no er ei nyhende- og debattavis for unge. ABC Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Landslaget for lokalaviser og nettidsskriftet Magasinett tok initiativ til satsinga i 2010. Me tek mål av oss å vera eit lokomotiv for nynorsk journalistikk på nett. Me har kontorlokale med kantine hos ABC Startsiden i Oslo sentrum og i Leirvik sentrum på Stord.

Vist 296 gonger. Følgt av 1 person.

Nye bilder