Har du lyst på ein spennande jobb på OD-dagen?

Framtida.no søkjer etter nyhendejournalistar, kulturjournalistar, bokmeldarar, kommentatorar og PR-rådgjevarar på OD-dagen.

Interessert i ein utfordrande og spennande mediejobb på OD-dagen?

Framtida.no søkjer etter sjølvstendige og idérike elevar som skriv godt nynorsk. Du kan jobba frå den staden du bur. Det er heilt i orden at to elevar søkjer saman. Opplæring vil bli gitt.

Søknad: Send ein epost til redaktør Svein Olav Langåker på svein@framtida.no der du skriv litt om deg sjølv, kva du kan tenkja deg å gjera på OD-dagen og kvifor du bør få jobben.

Har du spørsmål? Ta kontakt på epost eller telefon 948 75 365!

Framtida.no – nyhende- og debattavisa for unge – blei starta hausten 2010 av blant andre Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Landslaget for lokalaviser og ABC Startsiden. Me samarbeider i dag med vel 20 aviser, og har kring 40.000 brukarar i løpet ein månad.

Vist 209 gonger. Følgt av 1 person.

Nye bilder