16-åringar og stemmerett

Eg meine at 16-åringar bør ha stemmerett. Dette er ikkje berre fordi eg er 16 sjølv, men fordi eg meine at 16-åringar er vaksne nok til å ta slike val. Ein av dei sakane eg meine er veldig viktige er skule og utdanning, og her kan vaksne meine alt dei vil, men det er tross alt, vi som går på skule og ikkje dei. Eg meine at sida det er vi som går på skule og vi som må ha denne kvardagen, så burde vi få lov til å ha ei stemme med i spelet.

Mange seier at 16-åringar ofte kan vere tullete og tenkje at det ikkje betyr noko i forhold til viktige saker og at dei ikkje er gamle nok og erfarne nok til å ta seriøse val. Og det er der eg er ueinig. Eg meine nemlig at mange 16-åringar i dag er veldig vaksne av seg og mange er veldig politisk engasjerte spesielt i forhold til politikk og eg meine at det er grunn nok til å også la 16-åringar stemme, for mange er veldig reflekterte, ganske mye meir enn noko av det eg har høyrt frå vaksne.

Vist 52 gonger. Følgt av 1 person.

Nye bilder