Jomfruveljar

I år er det val. For min del er dette det første valet der eg kan stemma. Eg gler meg til å bruke min stemmerett, er litt bekymra for kva parti eg skal stemme, men mest av alt for om alle nyttar seg av retten dei har til å bestemme.

Til no har eg ikkje klart å bestemt meg for kva parti eg skal stemma. Eg klarar ikkje tru på alt som blir sagt og lovt, og har heller ikkje bestemt meg for kva sakar eg er mest opptatt av. Difor har eg klikka meg igjennom forskjellige valgomatar, i håp om å få svar på kva parti eg burde stemme. Eg tippa at Høgre ville komme høgt opp, sidan det var dei eg scora høgast på under valet for 2 år sidan. Resultata blei difor ganske overraskande. I følgje NRK bør eg stemma Kristeleg Folkeparti (KrF), Miljøpartiet De Grønne (MDG) eller Senterpartiet (Sp). Nettavisa meiner eg heilt klart eg bør gå for Sp, KrF eller Høgre. Aftenposten klarar ikkje bestemme seg og eg endar opp med Sp, Venstre og Høgre på delt førsteplass. Her kjem dessutan MDG 3. sist, det same gjorde dei på Nettavisa sin valgomat. Med andre ord ser det ut til at eg bør stemma Sp og Geir Pollestad. Noko som er heller tvilsomt..

Heldigvis er det ein månad til valdagen. Det gjenstår partileiardebattar, diskusjonar, avisoppslag, facebook-oppdateringar, moglege skandalar og partifellar som drit seg ut eller seier feil ting på feil tidspunkt til feil person. Ikkje minst kan medievinkling av saker ver avgjerande. Politikarar har dessutan mykje å vinne på rett retorikk, mediemerksemd og å få deira kjernesaker fram i media på best mogleg måte. Trynefaktor spelar ofte ei stor rolle + den politiske bodskapen.

Likevel er ikkje den størst bekymringa mi er kva parti eller kva politikar som skal få min stemme. Eg bekymrar meg meir for om folk nyttar stemmeretten sin. Det skremmer meg at mange av dei eg kjennar ikkje veit kva parti som sit i regjering eller kven som er statsministar eller partileiar i dei største partia. Eg blei lei meg å oppgitt når under halvparten i klassen kunne fortelje kva tre parti som sit i regjering. Fleire hadde heller aldri høyrt om Knut Aril Hareide eller Jonas Gahr Støre. Skremmande? Ja. Det som er endå meir skremmande er at mange seier at dei ikkje skal stemme. Det er heilt i orden og ikkje vite kva du vil stemme, men det er ikkje i orden og ikkje bruka stemmeretten! Finn det partiet du er mest einig med/ minst ueinig med, og stem! Eg trudde me var så opplyste no til dags at me visste at stemmeretten er grunnleggjande for eit demokrati. Dersom du ikkje nyttar stemmeretten blir det litt som å takka nei til demokratiet. Viss ingen gidd stemme, forsvinn retten og dermed også demokratiet. No er ikkje valdeltakinga så låg at demokratiet er truga, men me må ikkje ta det for gitt. Det er ikkje meir enn 100 år sidan kvinner fekk stemmerett og framleis kjempar barn, unge og vaksne for frie og demokratiske val i sitt eige land.

Ei oppfordring til alle, unge og gamle diskuter politikk og bruk din STEMMERETT!

Vist 60 gonger. Følgt av 1 person.

Nye bilder