Velkommen til skrivekonkurranse om stemmeretten!

Skriv om kva du meiner stemmeretten bør brukast til! Over 10.000 kroner i premiar.

Framtida.no, Magasinett og Nasjonalt Garborgsenter inviterer til skrivekonkurranse for ungdom.

Me premierer førsteplassen med 5000 kroner, 2. plass med 3000 kroner og 3. plass med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.

Representantar frå Framtida.no, Magasinett og Nasjonalt Garborgsenter vil sitja i juryen. Kåringa vil finna stad på ein debatt på Nasjonalt Garborgsenter 3. september.

Tips til kva du kan skrive om:
- kvifor er det viktig å bruka stemmeretten?
- bør 16-åringar ha stemmerett?
- får du makt gjennom å nytte stemmeretten?
- korleis kan ein påverke gjennom ungdomsråd eller medlemsskap i parti og organisasjonar?
- kva med dei som ikkje blir høyrde?
- korleis skal ein ta vare på interessene til dei som enno ikkje er fødd?
- korleis har du makt over eige liv?
- er ungdom mindre eller meir engasjert enn andre aldersgrupper?
- kva for likestillingssak vil du at me skal feire om 100 år?
… eller noko du sjølv kjem på, så lenge det går inn under temaet “stemmerett”

Sjanger: Artikkel, lesarbrev, kronikk, kåseri eller petit
Lengde: Maks 3500 teikn (inkl. mellomrom), men gjerne kortare!
Premie: 1. plass: 5000 kroner, 2. plass med 3000 kroner og 3. plass med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.
Aldersgrense: under 22 år
Innleveringsfrist: 1. september 2013

Teksten din kan du sende inn her på Framtida.origo.no!

Ta kontakt på epost, viss du har spørsmål!

Vist 1256 gonger. Følgt av 2 personar.

Nye bilder