Om ungdomen burde hatt meir innverknad på samfunnet, er eit aktuelt spørsmål. Å innføra stemmerett for 16-åringar høyrest både sprøtt og flott ut på same tid. Det er sprøtt å setja seg sjølv som seksten år inn i ein slik situasjon. Men likevel er det ikkje mindre sprøtt å tenkja på at eg frå dette året av faktisk har stemmerett. Kan ikkje tru det, vil ikkje. Ja, eg vil gjera ein forskjell, eg vil jo det, men er det alltid eg som veit mitt eige beste? Fordi eg meiner noko og brenn for noko dette året, skal det ha innverknad på korleis kommunen eller nasjonen skal styrast dei neste fire åra? Før meg verkar det temmeleg sprøtt, men på same tid er det slik det skal vera. Usikker kjem eg til å vera seinare i livet òg.
Det er ikkje den aldersgruppa eg tilhøyrer som har mest makt, og det er det kanskje ein grunn til. Ja, me er umogne. Veit enno ikkje kva me vil seinare i livet. Dei vaksne tek seg stort sett av dei viktigaste sakene. Og det er heller ikkje til å stikka under ein stol at hovudtyngda av innbyggjarane i Noreg er godt vaksne. Og det er sjølvsagt fleirtalet som bestemmer. Høgaktuelle saker for fleirtalet vil vera til dømes betre sjukeheimar, betre pensjonsordningar og generelt meir gunstige vilkår for dei eldre. Og for all del, det er jo dei det er flest av, bør ikkje hovudtyngda då liggja der? Eg ser eigentleg ingen stor grunn til å sjå på dette som ein urimeleg påstand.
Men det er berre ein ting. Det finst som tidlegare nemnt ei gruppe i samfunnet, ei gruppe som kanskje ikkje inneheld dei mest erfaringsrike menneska. Men erfaringar har lite med vilje og potensial å gjera. Ein blir ikkje reflektert og rik på erfaringar over natta. Ting tar tid. Hundre prosent sikre i sine meiningar er dei for så vidt ofte, menneska i denne gruppa, men med tida endrar meiningane seg hurtig. Ofte vert dei påverka utanfrå, menneska i denne gruppa, utan heilt å spørja seg sjølve om si eiga meining. Men dei kan like fullt engasjera seg, ha ein enorm ståpåvilje, og ikkje gi seg før dei får til det dei krev. Og det er dei – me – som skal byggja landet vidare når dei eldste fell frå. Så får me heller tola å måtta ta fleire avgjersler og få meir makt, for det er me som er framtida.
Kommentarar
Flott tekst, tankevekkende! Likte spessielt slutten som hadde en bestemt liten tankevekker med en snert i seg!