Fridom, men ikkje makt

Eg blir 17 år om tre månader. Altså er eg fortsatt berre 16 år gammal. Det vil seie at eg teknisk sett har veldig lite makt over meg sjølv. Eg kan omtrent ikkje gjere noko utan å få signatur frå foreldra mine. Men eg har tatt eit val. For eit halvt år sidan flytta eg heimafrå. Eg flytta til tettstaden Voss, for å gå på skule der. Men dette var jo ikkje eit val eg fekk ta på eiga hand. Ikkje eigentleg. Eigentleg så kunne mamma og pappa ha nekta meg. Kvifor? Vel, for det første måtte dei skrive under på leigekontrakten i hybelen min. Som 16 år gammal jente har ikkje eg autoritet til å seie sjølv at eg skal ta vare på heimen min. Foreldra mine, som bur nærare to timar vekke er dei som skal ta ansvar for det.

Ein annan ganske viktig faktor, er stipendet eg får ein gong i månaden. Når eg får brev frå lånekassen, må foreldra mine skrive under på det, før eg kan få pengar på konto. Ikkje at desse pengane eigentleg går til meg. Etter å ha fått cirka 3500 kroner inn på konto, forsvinn ganske raskt 3000. Desse pengane går rett til husleiga. Men det som er verst, er at det faktisk ikkje er nok. Heile stipendet mitt blir eigentleg svidd av på husleige. Og det er utan straum. Så må eg jo ha mat også. Det er rett og slett dyrt å bu heimafrå, og hadde det ikkje vore for at eg har foreldre som er både snille og økonomisk sterke, kunne eg aldri ha gjort det eg gjer. Altså er det ikkje eg som har makt over meg sjølv. Ikkje heilt eigentleg. Sjølv om eg likar å tru det.

Eg får jo ei viss følelse av at eg har makt over meg sjølv, då. Eg bur i ei leilegheit utan vaksne, og personen som passar mest på meg er hybelverten. Eg kan lage kva eg vil til middag (så lenge eg har råd til det), eg kan drikke brus kvar dag, eg kan vere oppe så lenge eg vil, og kjærasten min kan sove hjå meg kvar dag om me ønskjer det. Men dette er ting eg mistolkar som makt. Dette er fridom. Eg er fri. Fri til å leve som eg vil. Men makt, det har eg ikkje spesielt mykje av.

Vist 145 gonger. Følgt av 5 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Dette likte jeg!

Exclamation_desat_24

Bra skrevet!:)

Exclamation_desat_24

Flott skrevet :)

Exclamation_desat_24

Hanne Mjelstad, du burde ta skrittet fullt ut og frigjort deg helt. Jeg ser at du mottar penger fra dine foreldre. Hva synes du om senket myndighetsalder til 16 år der foreldres forsørgerplikt forsvant?

Exclamation_desat_24

Yngvar, eg trur nok ikkje foreldra mine gjer meg pengar fordi dei må, og eg kan uansett ikkje frigjere meg heilt utan å svelte. Eg går på skule og bur på hybel, og stipendet eg får dekker såvidt husleiga, og det er utan straum. Ungdom må ete også, veit du. Når det kjem til å senke myndighetsalderen til 16, så ser eg både positive og negative sider ved det, men for meg trur eg ikkje det hadde endra verken kvardagen eller forholdet mitt til foreldra mine.

Exclamation_desat_24

Jeg prøver bare å antyde at begrepet “frihet” ikke er så entydig som mange ofte oppfatter det. Kanskje litt betryggende ufrihet er å foretrekke til tider.

Exclamation_desat_24

Kan nok vere einig med deg der, ja, men eg meiner du kan ha litt beskyttelse og hjelp og likevel kalle deg fri.

Exclamation_desat_24

Jeg tror ikke noen er helt fri fra noe som helst. Det er alltid noe som binder. En er ikke fri fra f.eks. å måtte innta mat. Da overtar døden, som en heller ikke er fri fra.

Jeg tror en sammen med frihetsbegrepet må konkretisere hva en ønsker frihet fra. Total frihet finnes ikke.

Litt lørdagsfilosofi.

Exclamation_desat_24

Fin lørdagsfilosofi, eg er faktisk heilt einig, sjølv om eg syns du set det litt på spissen. Men eg meiner at om nokon kjenner seg fri, så treng ein ikkje definere kva fridom er.

Exclamation_desat_24

Vi trenger ikke å bli enige, den friheten har vi fremdeles.

Nye bilder