Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Livet langs elva og Oslo (onsdag 25. januar). Les mer om roperten…
Norge er eit demokratisk land, kor alle har høve til å ytre meininga si. Stortingspolitikarar, journalistar, bloggarar, innvandrar, alle kan bidra i samfunnsdebatten. Utan røysterett har du rett til å foreslå endringar og ytre meiningar, men ikkje til å vera med når avgjersla som angår deg skal takast.
Ytringsfridom, men ikkje direkte makt.
Barnekonvensjonen seier i sitt 12. punkt: Barnet har rett til å seia si meining i alt som angår det og barnets meiningar skal tilleggjast vekt.
Å vera barn er å være et menneske under 18 år. Her i Norge er 18 myndigheitsalder. Sjølv om «barnets meiningar skal tilleggjast vekt», er det ikkje noe enkelt bod og følgje. Organa der ungdom skal høyrast, og lover som er til for barn og ungdoms skyld, har ikkje noe reelt mandat. Det oppstår hele tida konflikt mellom ungdom som krev å bli hørt, og foreldre som krev at ungdommen høyrer etter. Sjølv om du som barn og ungdom har rett til å bli høyrt, så har fortsatt dei vaksne siste ordet.
Eg deltok på eit møte med utdanningsminister Kristin Halvorsen i fjor, der ungdomsskoleelevar frå heile landet skulle komme med innspel til en stortingsmelding om utdanning. Det var tilsynelatande veldig demokratisk, og meint for å gi oss meir makt og påverknad, men det fungerte dessverre ikkje sånn i praksis. Statsråden valde å ta med våre meiningar der ho allereie var einig, men med ein gong nokon av oss kom med noko som ikkje allereie var ein del av politikken hennar, så ville ho ikkje høyre meir.
Ungdom sin rolle i media er å vera uopplyste, sjølvopptekne og late, dei som ikkje bryr seg om samfunnet rundt seg. Det å ha ei slik rolle betyr at når ungdom kjem med meiningar eller krav til endringar, så blir det sett i samanheng med rolla vår.
Røysterett
Røysteretten har alle som er over 18 år. Det er retten til og velje politisk styre, retten til å stille til val, og retten til å påverke egen kvardag. Denne retten har ikkje ungdom. Som politisk aktiv har eg allereie stått på i to valkampar for den politiske retninga eg trur på, utan å kunne stemme sjølv. Det at eg ikkje kan stemme, har eg opplevd som urettferdig, men eg har innfunne meg med det. Eg har retten til å ytre meg, men når avgjersla skal takast så står eg på sidelinja, og kan rope så høgt eg berre orkar utan at det når fram til verken vallokala eller kommunestyresalen.
Dei fleste ungdommar er ikkje politisk aktive, og mange er ikkje engasjerte i det hele tatt. Førstegangsveljarar er ei gruppe som ikkje bruker retten sin like mye som dei burde. Spørsmålet ingen stiller, er kor mange vanlege vaksne i landet vårt er det som er politisk engasjert? Valdeltakinga ved stortingsvalet 2009 var ifølgje statistisk sentralbyrå på 76,3 prosent, det lågaste sia 1927. Dei resterende 24,7 prosenta består ikkje bare av unge veljarar, men også av vaksne.
Og om det er sånn at dei unge vel ikkje å stemme, så må det jo finnast ein grunn til dette. Det enkle svaret er at ungdom er late, uengasjerte og har det altfor godt. Den kjøper eg ikkje. Ungdom veit at til sjuande og sist så er det dei vaksne som tar avgjersla, og at dei unges meiningar ikkje er nokon hovudprioritering.
Makta ligg i stemmesetelen, og den makta er det på tide at ungdom også får. For å endre maktforholdet må vi endre på synet vaksne har på ungdom, og vi må krevje respekt. Vi må få sjå at våre meiningar tel like mykje som dei vaksne, og at det nyttar å kjempe for det ein trur på. Stemma betyr ingenting før vi har stemmesetelen også.
Kommentarar
Tusen takk for positive tilbakemeldinger! :-)