Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Livet langs elva og Oslo (torsdag 12. januar). Les mer om roperten…
I Noreg er nynorsk blitt noko heilt ”latterleg” og ”tragiskt” blant oss ungdommar. Og du er spesiell om du i det heile tatt berre skriv nynorsk. Ein kan besøkje kommunar i tjukkaste Sogn og Fjordane, der du vil få høyre nesten meir bokmål enn nynorsk. Ord som ”bare” og ”spise” er heilt vanleg å seie. Utruleg skremmande! Kvifor tørr ingen ungdommar å skilje seg ut å snakke/skrive eit meir særskild skriftspråk?
Heile 90% av alle norske elevar har bokmål som hovudmål. Noko som ikkje er bra for nynorsken. Ei undersøking viser òg at 75% av ungdommen i Noreg som har nynorsk som hovudmål skiftar til bokmål som hovudmål, når dei kjem på ungdomsskulen. Eg tykkjer det er ganske trist at mange blant oss ungdommar skiftar hovudmål når dei kjem på ungdomsskulen. Det er viktig å halde på nynorsken, spesielt når du kjem på ungdomsskulen, for det er der ein utviklar og byggjar på nynorsken ein har lært på barneskulen.
For det fyrste er ungdommen ei aldersgruppe der ein blir lett påverka, dette gjeld òg språk. Ein vil gjerne snakke slik som kjendisane i tjukkaste Oslo, og ofte skjer denne påverknaden gjennom media. For det andre er me i ein fase der ein ikkje vil skilje seg ut, kanskje fordi nynorsk har litt meir ”røffare” ord enn bokmål, velgjer dei derfor bokmål. Noko som er utruleg teit, ein burde absolutt halde på nynorsken!
Alt skal vere så lett for ungdommen no for tida, det at ein berre skal ha eit hovudmål og inkje sidemål vil gjere oss ungdommar mykje slappare. Å jobbe for ein 6’ar i sidemål er noko alle burde ha motivasjon til, å ha kunnskap om sidemålet ditt er utruleg viktig. Det gir oss ungdommar mange gode røynsler som me kan ta med oss i verda.
Eg tykkjer dette er heilt absurd, me må byrje å bry oss og opne auga. Nynorsken kan ikkje bli utrydda på grunn av at me ikkje har så mange tøffe ungdommar i samfunnet. Nynorsk skal vere noko ein er stolt av, ein suvenir når du skal ut i verda eller møte andre folk med anna språk. Ivar Aasen skapte ikkje nynorsken for at den så skulle fjernast nokre få hundre år etter!
Lise-May Sæle, 14 år.
Leiar i Balestrand Ungdomsråd.
Bilete,kjelde: http://www.google.no/imgres?imgurl=http://www.nrk.no/contentfile/file/1.3090962!img3090885.jpg&imgrefurl=http://kvitter.blogg.no/1257938340_nynorsk_skrivedag_d_n.html&usg=__oTLxZsH15L3weW4LsPLA-3vXysY=&h=367&w=650&sz=46&hl=nn&start=0&zoom=1&tbnid=W9qhgEmJH36trM:&tbnh=113&tbnw=200&ei=9UYKTriMHsPRsgbZ76WvDg&prev=/search%3Fq%3Dnynorsk%26um%3D1%26hl%3Dnn%26sa%3DN%26biw%3D1252%26bih%3D619%26tbm%3Disch&um=1&itbs=1&iact=rc&dur=371&page=1&ndsp=17&ved=1t:429,r:5,s:0&tx=58&ty=91&biw=1252&bih=619
Kommentarar
Godt skrive, Lise-May!
“…,kanskje fordi nynorsk har litt “røffare” ord enn bokmål, velgjer dei bokmål " skriv du Lise May. Kan du utdjupa det litt ? Eg tykkjer det er eit argument for å halda på nynorsk. Du har skrive ein veldig god artikkel.
Lise-may Sæle har skrive ein svært god artikkel om kor viktig nynorsk språk er for landet. Takk for det !