Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Livet langs elva og Oslo (tysdag 13. desember 2011). Les mer om roperten…
Ordet makt er eit sterkt ord. Kva betyr ordet for deg? For meg betyr det å få bestemme sjølv. Eg er sjølv ungdom, og veit korleis det er å få bestemme sjølv. No står ein over fleire vanskelege val. kva ein skal velje vidare i livet, som for eksempel vidaregåande, som er eit vanskeleg val for mange.¬ ¬ Noko som er eit problem i vår tid er at foreldra trur at dei skal velje kva deira ungdom skal bestemme etter ungdomsskulen. Men eg vil spørje dykk om det? Kven som har rett til å bestemme over det, er det ungdommen eller foreldra? Med ein gang tenkjer eg at ungdommen skal få velje. Viss mine foreldre hadde valt for meg hadde eg sikkert blitt veldig ulykkelig. Dei hadde nok valt noko anna eg ville hatt valt.
Men det er ikkje berre valet på skule ein står over for no. Valet om følje trendane eller ikkje. Det å bryr seg om å vera lik alle andre. For min eigen del er eg ikkje den «normale» jenta. Eg har sjølv valt å finne min musikk-stil, har mine interesser som f.eks. bil og båt. No byrjar vell du å lure litt vell. Men verda er ikkje heilt slik ein trudde den var. Livet som ungdom er hardare enn folk trur. No må ein vera den perfekte på skulen/klassen. Men er det eigentleg det? Det er her ting som folk er forskjellege kjem inn.
Kvifor skal mine meiningar bli høyrt lurer eg veldig på. Eg tenkjer sjølv at folk må sjå korleis det verklege ungdomslivet er. For meg var det ikkje slik eg trudde det var. Eg trudde at ein blei kul med ein gong ein blei ungdom. Men er det verkeleg slik? Nei, det er ikkje slik!
Eit anna val som kjem er å sjå dei som treng å bli sitt. Livet på ungdomskulen er ikkje så enkelt for alle diverre. Det veit eg mykje om, for eg har sjølv opplevd å ikkje blitt sitt av andre medelevar. For min del har det blitt mykje betre. Noko som eg er glad for, men eg veit at det er så passa mange som ikkje har det så bra på skulen. Difor er det våras val å sjå dei!
Ordet makt kan bety så mykje. Men kva betyr det for deg? Tenkje du at no har du muligheit til å drikke seg full når ein har fylt 18 år? For meg betyr det ikkje det. Det betyr å få makt til å hjelpe andre. Og få bestemme over ditt liv og leve dine drøymar opp til det DU vil!
Skrevet av Synnøve Evjen, 15 år