Kva vil du skriva om?

Å skriva er meir enn å stokka bokstavar, ord og setningar rett. Kan det du skriv påverka nokon?

Du kan ha dei beste ideane i verda, men viss du ikkje kan uttrykkje deg slik at folk skal forstå og verte påverka av deg, så har det sjeldan nytte.

Kva er eit nyhende?
Du veit sjølv kva du likar å lesa om. Journalistar snakkar om nyhendekriterium. Di fleire slike kriterium ein klarar å fylla, di større er nyhendesaka. Aktualitet, overrasking, informasjonsverdi, konsekvensar, omfang, sensasjon, nærleik, gode bilete, kjente fjes og namn er noko som er med på å gjera ei sak til eit nyhende.

Kva er folk interessert i?
Av og til kan ein bli overraska over kva folk faktisk er interessert i. Men ofte er det grovt sett slike artiklar som blir lese.

1. Artiklar som omhandlar emnar som er unike, nye, utanom det vanlege.
2. Artiklar med mål om å formidla nyttig kunnskap.
3. Artiklar om eller skrive av interessante personlegdomar.
4. Artiklar som lukkast ikkje så mykje på grunn av innhaldet, men på grunn av skrivestil.

Journalist på 1, 2, 3
1. Anten du skal intervjua nokon eller du finn informasjonen frå skrivne eller andre kjelder: Still gode spørsmål – dei beste spørsmåla byrjar med kven? kva? kvar? kva tid? korleis? og kvifor? Det er best om du førebur spørsmål før du byrjar å intervjua.

2. Ver ærleg med lesaren – skriv ned det den du intervjuer seier, heile namnet til han/henne. For å vera truverdig, må du unngå dobbeltroller. Intervjuar du ein venn, er det mest truverdig om du opplyser om at du er venn til han eller ho du intervjuar.

3. Skriv det viktigaste først – det viktigaste skal stå i overskrifta og ingressen (denne skal vera maksimum to setningar). I brødteksten bør du ta det viktigaste først det mindre viktige. Det er òg ein fordel om du deler inn hovudteksten i fleire avsnitt, gjerne med ei lita overskrift for kvart andre eller tredje avsnitt.

Les Ver varsam-plakaten!

Har du eit tema du vil skriva om? Skriv det på framtida.origo.no eller tips oss!

Vist 154 gonger. Følgt av 1 person.

Nye bilder